Eg er ingen prinsipiell motstandar av medikamentbruk i psykisk helsevern. Eg har heller ikkje påstått at medikamenta ikkje verkar. Spørsmålet er korleis. Tor-Johan Ekeland svarer styret i Norsk psykiatrisk forening.
Dette innlegget ble først publisert på Erfaringskompetanse.no, og er gjengitt med deres tillatelse.
Innlegget mitt på Erfaringskompetanse.no i desember 2023 hadde den retoriske tittelen Kven bør skamme seg? – underforstått at eg reagerte kritisk på trenden om å kooptere skam-omgrepet for ulike føremål, i dette tilfellet at Norsk psykiatrisk forening (NPF) lanserte uttrykket «pilleskam» til unnsetning for pasientar som skammar seg over sin eigen medisinbruk.
Akkurat det siste er sjølvsagt å beklage, men der er også mangt anna skammeleg i psykisk helsevern. Eg har ikkje lagt merke til at NPF har skamma seg over dramatisk auke i medisinbruk blant ungdom, øydeleggjande tvangsmedisinering, smertefulle biverknadar, skadelege langtidsverknadar, redusert livskvalitet og levealder, eller argumentert for pasientar sine rettar til å kunne velgje medikamentfrie behandlingstilbod.
Dermed er det lett «å kjenne lusa på gangen»; ein vel dei sakene som tener eigne interesser – og vi som har levd og debattert ei stund har sett og opplevd dette før: Å kritisere psykiatrien og medikamentbruk blir møtt med at det er til skade for pasientane.
«Eg finn tilnærminga om å ville kontrollere dagsorden temmeleg autoritær»
NPF skammar seg ikkje
NPF er ei profesjonsforeining, altså ein organisasjon som arbeider for psykiatrar sine interesser. Det er legitimt. Slike organisasjonar fell av og til for freistinga til å tru at deira interesser er samanfallande med brukarane sine interesser. Ein kjent strategi. Likevel skammeleg. Men, NPF skammar seg ikkje.
På vegne av foreininga har Lars Lien og Solveig Reitan gitt meg tilsvar med tittelen Å holde seg til saken – underforstått saken slik dei har definert den. Dei kritiserer også Erfaringskompetanse for å ha publisert min tekst. Det siste må redaktøren svare for, men eg finn tilnærminga om å ville kontrollere dagsorden temmeleg autoritær.
Må tole kritisk gransking
Det er vel same type maktretorikk i følgjande påstand: Å devaluere psykiatere som gruppe er neppe til hjelp for å utvikle et stadig bedre behandlingstilbud for mennesker med psykiske lidelser – underforstått at det er det eg bidreg til.
Her blandar dei kategoriane. Eg har ikkje kritisert psykiatrar, dei er sikkert greie nok, men slik eg kjenner dei spriker kunnskapssynet dei imellom truleg like mykje som mellom meg og de to innleggsforfattarane. Om NPF ville kontrollere psykiatrar kan dei ikkje kontrollere psykiatrien, like lite som Psykologforeininga kan kontrollere psykologien.
Så lenge dei vil vere vitskapsfag må dei tole kritisk gransking. Det er slik kritisk kunnskapsteori eg har arbeidd med, og om Lien og Reitan er interessert, kan dei lese Psykisk helsevern – en kunnskapsplattform (2021), skriven på oppdrag nettopp for Erfaringskompetanse. Der finn dei også utdjuping av påstanden om at «den biomedisinske hypotesen er falsifisert», noko dei i innlegget sitt utan argument avfeiar som «alvorleg misvisande».
Også lobotomi verka
For ordens skuld: Eg er ingen prinsipiell motstandar av medikamentbruk i psykisk helsevern. Eg har heller ikkje påstått at medikamenta ikkje verkar. Også lobotomi verka. Spørsmålet er korleis dei verkar, på kva måte og med kva slags konsekvensar. At medikament verkar er heller ikkje empiri for at den biomedisinske hypotesen er korrekt, slik Lien og Reitan syns å tru. Det er ei logisk feilslutning med namnet ex juvantibus.
***
Mer om «pilleskam»-debatten hos Mad in Norway:
«Det er skam knyttet til elektrosjokk, beltelegging og tvangsmedisinering, og det er skam knyttet til å bli utsatt for krenkelser, overgrep og skade. Dette er den reelle skammen, ikke begrepet pilleskam»: Norsk psykiatrisk forening bommer grovt
«Psykiatrielitens forsøk på å stilne motstemmene har resultert i det motsatte, og flere av de mest kritiske røstene kommer fra bransjen selv»: Psykiatriens høyborg – et glasshus i oppløsning?
«Dersom psykiaterne hadde smakt sin egen medisin, så ville få av dem opprettholdt vrangforestillingen om hvor gode medisinene er og hvilken nytteverdi disse har for menneskeheten»: Fryktelige usannheter fra Norsk psykiatrisk forening
Les også: Faglig maktarroganse fra Norsk psykiatrisk forening