EI BRU OVER TAPT LIV

Av Viviann Karlsbakk

Vegen er framand og landskapet ukjent
Likevel veit eg at eg har vore her før

Som ein fange er eg sett fri
Mi soning var utan dom og utan sluttdato 
Straffa
for å vere meg?

Eg mista meg sjølv der inne
I pillerus og tvangsregime er det ikkje lett å vere til
Tankar og kjensler som ikkje var mine
kroppen som ikkje var meg

Berre angsten og smerten var der
Var alt!

Fange av dommen: «Du kjem aldri til å bli frisk»
Du kjem aldri til
Aldri!

Når porten går igjen bak meg, kjenner eg eit friskt drag av livet
Det er berusande godt 
men også så inderleg trist

Den unge jenta kjem imot meg der på vegen
Det er meg
Eg undrar meg kven ho er etter så mange år
Korleis har ho hatt det?

Eg får så behov for å klemme henne
Så eg gjer det 
Og vi gret tårer av tapte år

Eg tek handa hennar i mi
Så no er vi saman i det

Og vi går hand i hand 
Som om vi held ei bru over det tapte livet
inn i framtida