EG BAR EI BØR I LIVET

Av Viviann Karlsbakk

Eg bar ei bør i livet
Når eg vaks til blei den stadig tyngre
for tung å bære blei den for meg

Så eg søkte hjelp
Og psykiatrien
blei satt på saka
Ja, sanneleg, den børa var for tung for meg, sa dei
og det var noko alvorleg feil
det var unormalt
og sjukeleg
Alvorleg sinnsliding var det
å skulle bera slik ei bør
Den måtte bort
Ja, sanneleg, den måtte bort

Åra gjekk
og dei prøvde på alle vis
Med piller og meir piller
skulle den kjennast mindre
dempast og visna bort
Eg trengte å bli frisk
for børa var visst ein sjukdom

Så dei tok over livet mitt
eg hadde ikkje lenger noko eg skulle sagt
Og med makt og tvangsmidler
kjempa dei mot børa i mange år

Men børa blei ikkje mindre av slik mishandling

Den blei større
og reiste seg
den brølte
Og ingen kunne lenger rå med den

Børa ville ikkje fjernast
eller behandlast som sjukeleg pest

Den ville vera
den ville synast

Børa var meg
ikkje noko anna

Tenk
Eg bær ikkje børa mi lenger
og lett er det
når eg skjøna

at børa er MEG