- Det er meir enn ei spissformulering å hevde at psykiatriens behandlingshistorie har ført meir galskap med seg enn galskapen sjølv, skriv Tor-Johan Ekeland. Illustrasjonsfoto: Depositphotos

Norsk psykiaterforeining har nyleg hengt seg på samtidas skambølge og konstruert omgrepet pilleskam. Å setje pasientar og brukarar på barrikadane for eiga profesjonsinteresse er ein gamal strategi. Den er framleis skammeleg.

Denne kronikken ble først publisert hos Erfaringskompetanse, og er gjengitt med deres tillatelse.

Psykiatri etablerte seg som fag under modernitetens mest kunnskapsoptimistiske periode. Og oppgåva medisinen tok på seg var ikkje mindre enn å få orden på galskapen – kartlegge den, sortere den i kategoriar, finne årsaker og botemiddel etter same kunnskapslest som hadde gitt framsteg på andre sjukdomsfelt.

Det som gav medisinen legitimitet for “oppdraget” var den underliggande hypotesen om at lidingar i sinnet måtte vere lidingar i kroppen, framfor alt i hjernen. I dag kan ein trygt seie at denne biomedisinske ambisjonen har vore mislukka. Vitskapleg sett er hypotesen det vi kallar falsifisert; kartet (hypotesen) stemmer ikkje med terrenget (empirien). Ein “sjuk” tanke (sosialt bedømt), treng ikkje skuldast ein sjuk hjerne (biologisk bedømt).

Men sidan dette biomedisinske kartet er så viktig for psykiatrien sin legitimitet har mange ikkje gitt opp. Kva konsekvensar denne ambisjonen gjennom historia har hatt for praksis reflekterer ein lite om.

Å behandle gjennom å skade

Det er meir enn ei spissformulering å hevde at psykiatriens behandlingshistorie har ført meir galskap med seg enn galskapen sjølv. Mens den Hippokratiske legeetikken tilseier at ein framfor alt ikkje skal skade (primum non nocere) har ambisjonen forblinda ein nettopp til å gjere det; til dømes ulike sjokk-kurar (insulin, cardiazol, anafylaktisk, elektro), krampeterapiar, feber- og malariabehandling, fjerning av tenner og kjertlar (eggstokk, galleblære, livmorhals m.a.), og påføring av hjerneskadar (lobotomi).

Sistnemnde, som vart feira med nobelpris i medisin, vart omtalt av faget sjølv som bevis på at ein no (endeleg) var blitt eit respektert medlem av det gode medisinske selskap. Når lobotomien tok slutt (siste i 1974) var skalpellen erstatta av kjemi. Påføring av skade heldt likevel fram.

Kjemisk lobotomi

Nevroleptika, som kom på marknaden midt på femtitalet (som clorpromazine), vart fyrst sett på som “kjemisk lobotomi”; at verknaden var ein konsekvens av at ein hemma hjernens normale måte å fungere på. Men suksessen bidrog til at motførestillingane etterkvart forsvann, og nevroleptika vart utropt som den store nye revolusjonen i psykiatrien, feilaktig marknadsført som anti-psykotika, at medikamenta motverka psykose.

I dag veit vi at verknaden kjem nettopp gjennom å hemme hjernens normale måtar å fungere på – og at langvarig bruk gir strukturelle og skadelege endringar i hjernen, redusert livskvalitet og auka risiko for tidleg død. Omgrepet anti-depressiva er like misvisande, og populariseringa av den nye varianten på åttitalet (SSRI) som «Lykkepille» forførande usann. Det same gjentek seg: positive verknadar vert overdrivne, og biverknadane (samt skader) blir underkommunisert.

Humanisering

Institusjonane der ein dreiv med alt dette starta som humanisering (asyltanken) og enda 150 år seinare som overfylte, kronifiserande, dehumaniserande oppbevaringsanstaltar. Det var ikkje psykiatrien som fekk slutt på uvesenet, men eit endra sosialpolitisk klima, som hos oss kulminerte med Opptrappingsplanen; eit oppgjer med fortida og vedkjenning av “dei gale” som medborgarar med rettar som alle andre.

Men, retten til å velje behandling er betinga, og medikamentfrie alternativ er det politikk og brukarar som først nyleg har fått til, til stor motstand frå psykiatrien sjølv.

Paradigmeskifte

Tvangsmedisinering er framleis ein realitet, trass i at ein FN-komité har klassifisert slikt som tortur. Verdas helseorganisasjon (WHO) har tydelegvis innsett at den biomedisinske medisinen ikkje gir frå seg makt av seg sjølv. I eit omfattande dokument (Guidance to Community Health Services) tek dei eit oppgjer med biomedisinen og appellerer om eit paradigmeskifte.

Det er også eit ønskje om paradigmeskifte og eit humant psykisk helsevern som har motivert to modige norske kvinner (Inger Marie Eidsvik og Merete Nesset) til å gå rettens veg med det denne psykiatrien har utsett dei for. Staten snor seg i paragrafane, men no skal Høgsterett seie sitt i februar.

Pilleskam

Om slikt som dette høyrer vi lite frå Norsk psykiaterforeining. Der har dei i staden nyleg hengt seg på samtidas skambølge (flyskam, kjøttskam etc.) og konstruert omgrepet pilleskam – meint som ei handsrekning til alle dei pasientar som (etter deira oppfatning) skammar seg over å ta psykiatrien sine pillar.

Å setje pasientar og brukarar på barrikadane for eiga profesjonsinteresse er ein gamal strategi. Den er framleis skammeleg.

Tor-Johan Ekeland/tje@hivolda.no