Bli med på AD4E arrangementet Forbi diagnosene: ”Utan merkelapp, ingen hjelp!?” med Peter Kinderman, nyleg pensjonert professor i psykologi ved University of Liverpool og tidlegare president i British Psychological Society.
Av AD4E – A Disorder 4 Everyone
Del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.
Tid og Stad
Torsdag 30. april 2026 kl. 1900 -2100 (norsk tid). DIGITALT
Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.
Språk: Engelsk
Oversikt
Professor Peter Kinderman vil forklare korleis ein kan få hjelp og støtte utan å måtte godta nedverdigande, patologiserande og uvitskaplege psykiske helse merkelappar.
I seminaret vil vi utforske ulike måtar folk kan få hjelp for problem som påverkar deira psykiske helse, utan å tenke på lidingar eller behandlingar. Vi vil sjå nærare på korleis diagnoser blir brukt i tradisjonelle tenester, og korleis vi kan få tenester og hjelp som hjelper, utan å måtte akseptere skadelege, uvitskaplege og ugyldige merkelappar. Vidare, vil vi sjå nærare på fordelar og ulemper ved dei ulike tilnærmingane – for tenestene generelt og for det enkelte individ. Til slutt, vil vi vurdere juridiske og praktiske sider ved dei ulike tilnærmingane og kva som kan vere naudsynt å gjere, for å få til slike nye tilnærmingar i dagens psykiske helsetenester.
Biografi
Peter Kinderman har nyleg gått av med pensjon etter mange år som professor i klinisk psykologi ved University of Liverpool, der han har forska på dei psykologiske og sosiale faktorane som påverkar psykisk helse. Han er praktiserande klinisk psykolog, klinisk rådgivar for Departementet for helse og sosialomsorg og tidlegare president i British Psychological Society.
Peter er forfattar av ei rekkje tidsskriftartiklar og bokkapitlar, samt bøkene «A Prescription for Psychiatry» (Palgrave Macmillan, 2014), «New Laws of Psychology» (Little, Brown, 2015) og «A Manifesto for Mental Health» (Palgrave Macmillan, 2019). Du kan følge han på Twitter under @peterkinderman



For fleire artiklar og omtalar av Peter Kinderman, sjå Peter Kinderman – Mad in Norway




