Arrangementet om korleis slutte med psykiatriske medikament på ein trygg måte, er i regi av A Disorder 4 Everyone og del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.
Digitalt arrangement
Mandag 26 oktober 18:00 – 20:30 norsk tid
Oversikt
Dette er endå eit uvurderleg høve, til å lære av Mark Horowitz om korleis ein trygt kan trappe ned og slutte med psykiatriske medikament.
Dr. Horowitz vil gjere greie for korleis ein kan redusere risikoen for abstinenssymptom og tilbakefall. Han vil vidare forklare kva «hyperbolsk nedtrapping» er, og korleis det gjennomførast i praksis.
Dr. Mark Horowitz er psykiater under utdanning, som har gjennomført ein del av utdanninga i Australia. Han arbeider no i London, som klinisk forskningsstipendiat i NHS, og som æresklinisk forskningsstipendiat ved UCL. Han driv ein klinikk for nedtrapping av «antidepressiva» i Nordaust-London og har forska grundig på korleis ein unngår abstinenssymptom, ved å trappe ned på ein trygg måte.
I tillegg til å bidra til endringar i dei kunnskapsbaserte retningslinjene om seponering av «antidepressiva» frå NICE og Royal College of Psychiatrists, utarbeider han no også ein opplæringsmodul for legar med rekvisisjonsrett i England. Dette på oppdrag fra Health Education England. Opplæringsmodulen skal bidra til å hjelpe legar med å gi trygge råd, om korleis trappe ned og slutte med «antidepressiva».
Maudsley Deprescribing Guidelines: https://amzn.to/48XaG9m
Dr. Horowitz sin nettstad: https://markhorowitz.org/
Teorien om serotonin og depresjon: Ein systematisk og samla gjennomgang av forskningsgrunnlaget: https://markhorowitz.org/academic-pap…
Korleis dempe abstinenssymptom ved nedtrapping av SSRI: https://markhorowitz.org/wp-content/u…
FØLG MARK HOROWITZ:
Mark sin nettstad: https://markhorowitz.org/
Mark på Twitter: / markhoro
DET ER FÅ PLASSAR PÅ GRUNN AV KAPASITETEN PÅ ZOOM-PLATTFORMA
Det vil bli gjort opptak av seminaret (for dei som ikkje kan delta på direkten). Eit CPD-sertifikat for 1,5 timar vil bli tilgjengleg i etterkant.

For meir informasjon om Mark Horowitz på Mad in Norway, sjå her.




