Kva er det som eigentleg skjer, når ein sluttar med psykiatriske medikament? I denne digitale workshopen, deler Anders Sørensen vitskap, støtte og håp.
Tid og stad
Mandag 8. desember 2025 kl. 19:00 – 21:00 (norsk tid). DIGITALT. (Workshopen er på engelsk)
Om workshopen
Kva er det som eigentleg skjer, når ein sluttar med psykiatriske medikament? Anders Sørensen deler vitskap, støtte og håp.
Psykiatriske medikament (også kalla medisinar) blir forskreve til millionar av menneske, ofte utan diskusjon om kva dei faktisk gjer, kor lenge dei bør takast eller kor vanskeleg det kan vere å slutte med dei. I denne workshopen ser Anders Sørensen – klinisk psykolog, forskar og forfattar av «Crossing Zero: The Art and Science of Coming Off – and Staying Off – Psychiatric Drugs» – nærare på kva vitskapen eigentleg fortel oss om psykiatriske medisinar, kvifor effekten av seponering ofte blir misforstått som tilbakefall, og korleis sikker, gradvis nedtrapping kan opne døra til ei fornya kontakt med livet utan medisinering.
Med utgangspunkt i ti års klinisk arbeid og forsking vil Anders ikkje berre ta for seg dei tekniske aspekta ved nedtrapping, men også dei emosjonelle og eksistensielle utfordringane som kan oppstå når medisinen blir redusert, frå gjenoppståtte traumereaksjonar til tilbakevendande sterke kjensler og vanskelege tankar. Psykoterapi og det å ha psykososial støtte, står sentralt i Anders Sørensen sitt arbeid med å hjelpe mennesker med å navigere gjennom denne prosessen, handtere sårbarheit og finne nye måtar å leve på med meining og motstandskraft.
Eit CPD-sertifikat for 2 timar vil vere tilgjengeleg etter workshopen.


For fleire artiklar og informasjon om og av Anders Sørensen på Mad in Norway, sjå her.




