TID OG STAD
Onsdag 30. september 2026 18:00 – 19:00 (norsk tid). DIGITALT
Språk: Engelsk
Dr. Anders Sørensen blir med oss i ein time for å snakke om arbeidet sitt og svare på spørsmål.
EIT MØTE MED EN ALLIERT (AN AUDIENCE WITH AN ALLY ) er eit uformelt og interaktivt forum. Her kan du stille Anders spørsmål om livet og arbeidet hans.
Dr. Anders Sørensen er klinisk psykolog, forskar og forfattar av Nedtrapping av psykofarmaka. (Crossing Zero: The Art and Science of Coming Off – and Staying Off – Psychiatric Drugs). I dette AD4E-zoom møtet svarer han på dine spørsmål om arbeidet sitt.
ANDERS SØRENSEN
Anders Sørensen er ein dansk klinisk psykolog og ei framståande stemme innan psykiatrisk medikamentavvenning. I meir enn ti år har han hjelpt menneske med å trappe ned på psykofarmaka på ein trygg måte. Han kombinerar klinisk innsikt med grundig akademisk forsking.
Anders Sørensen har doktorgrad i psykiatrisk medikamentavvenning fra Københavns Universitet.
Gjennom sin private praksis bygg han bru mellom forsking og praksis. Han rettleiar menneske gjennom den langsame og ofte utfordrande prosessen med å trappe ned. Slik støttar han dei i å halde seg friske.
Anders Sørensen har skrive boka Crossing Zero: The Art and Science of Coming Off – and Staying Off – Psychiatric Drugs.
Dette er den første praktiske rettleiinga om korleis seponere og trappe ned psykiatriske legemiddel på ein trygg måte.
Boka er banebrytande og er nyleg også gitt ut på norsk: Nedtrapping av psykofarmaka
Anders seier:
«Denne boka er ein praktisk, evidensbasert guide. Både for dei som går gjennom avvenning frå psykiatriske medikament – og for klinikarar og pårørande som støttar dei. Altfor mange menneske går gjennom denne prosessen åleine, feilinformert eller utan støtte. Eg skreiv denne boka for å endre det.»
Crossing Zero stoppar ikkje ved nedtrappingsprosessen. Boka svarar også på det essensielle spørsmålet:
Dersom ikkje medisinering, kva då?
Tre heile kapitlar utforskar kva som kjem etter at nedtrappinga er avslutta. Det blir også gitt praktiske psykologiske verktøy og øvingar for å handtere vanskelege kjensler, traumereaksjonar, angst, grubling og sjølvkritikk.
I tillegg til sin ekspertise innan abstinens, hjelper Anders med det djupare psykologiske arbeidet med helbreding. Ved hjelp av traumeinformerte og psykoterapeutiske tilnærmingar, som støttar sjølvkjensle og ei tilbakevending til heilskap.
«Dei fleste land manglar framleis formelle retningslinjer for sikker nedtrapping av psykiatriske medikament.
Dette gjer at mange prøver finne ut av det på eiga hand. Eller dei trappar ned for raskt til at kroppen rekk å tilpasse seg.
Når folk så blir dårlegare, etter å ha slutta med psykiatriske medikament, får dei ofte høyre at «sjukdomen er tilbake».
Men kva om det er abstinensar vi ser, og ikkje det opphavlege problemet som dukkar opp igjen?
Kva om det berre er medikamenta som forlet systemet for raskt til at kroppen og hjernen kan tilpasse seg?
Det er avgjerande viktig å forstå dette.
Det å hjelpe menneske gjennom prosessen – samtidig som eg rettleiar dei gjennom den psykologiske reisa – er kjerna i arbeidet mitt.»
Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.






