Plakat: A Disorder 4 Everyone arrangement 28. mai 2026: THE MENTAL HEALTH CRISIS – A ‘Power Threat Meaning Framework’ perspective

Digitalt arrangement av AD4E – A Disorder 4 Everyone. Del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.

Tid og Stad

Torsdag 28. mai 2026 13:00 – 14:30 (norsk tid). DIGITALT

Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.

Språk: Engelsk

Oversikt

I denne verkstaden (workshop) brukar Lucy «Power Threat Meaning Framework / Makt Trussel Meining Rammeverket» til å stille spørsmål og gi svar på forteljinga om «krisa i psykisk helse».

Vi blir stadig fortalt at det er ei krise innan psykisk helse. Forsking viser at det ikkje lenger er éin av fire som slit med psykiske problem – talet ligg no nærare ni av ti. Men kva er det eigentleg som skjer? Bør vi fortsette med det stadig aukande talet på reseptbelagte psykiatriske medikament og krava om flere tenester og meir forsking? Eller må vi stille meir grunnleggjande spørsmål om den aukande grada av ulukkelege og fortvilande mennesker?

Power Threat Meaning Framework / Makt Trussel Meining rammeverket

I dette tankevekkjande foredraget vil Lucy Johnstone utfordre dagens tenking rundt temaet, ved å presentere eit perspektiv basert på «Power Threat Meaning Framework» (PTMF) / «Makt Trussel Mening Rammeverket» (MTMR) og foreslå ulike vegar vidare. Du vil kunne stille spørsmål og bli med i diskusjonen.

Dr. Lucy Johnstone er klinisk psykolog, forfattar av «Users and abusers of psychiatry» (3. utgave, Routledge 2021) og «A straight-talking guide to psychiatric diagnosis» (PCCS Books, 2. utgave 2022); medredaktør av «Formulation in psychology and psychotherapy: making sense of people’s problems» (Routledge, 2. utgave 2013); og medforfatter av «A straight talking introduction to the Power Threat Meaning Framework», 2020, PCCS Books). I tillegg til en rekke andre kapitlar og artiklar som tar eit kritisk perspektiv på teori og praksis innan psykisk helse. Ho er tidlegare programdirektør for doktorgradsprogrammet i klinisk psykologi ved Universitetet i Bristol i Storbritannia og har arbeidd innanfor psykisk helse for vaksne i mange år, seinast i ei teneste i Sør-Wales.

Eit alternativ til psykiatrisk diagnose

Lucy var hovudforfattar, saman med professor Mary Boyle, av «Power Threat Meaning Framework» (2018). Ein publikasjon fra British Psychological Society, som er utarbeidd i samarbeid med brukarar av tenestene og som skisserar eit konseptuelt alternativ til psykiatriske diagnosar.

Lucy er ein erfaren konferanseforedragshaldar og forelesar, og jobbar for tida som sjølvstendig kurshaldar. Ho er gjesteprofessor ved London South Bank University og bur i Bristol i Storbritannia.

Kjøp billett her

Plakat - Lucy Johnstone

For meir informasjon, sjå