Plakat av Mad in Denmark arrangementet 25. november 2025 (DIGITALT)

Kom og møt Robert Whitaker, grunnleggar av Mad in America og ein av hovedkreftene bak det internasjonale Mad in the World fellesskapet.

Frå Mad in America til Mad in Denmark er historia og aktivismen bak eit globalt oppgjer med det rådande paradigmet i psykiatrien.

Tid og Stad

Tirsdag 25. november 2025 kl. 17:00 – 19:00 (norsk tid). DIGITALT
Konferansen er gratis. Meld deg på her, for å få tilsendt lenke til arrangementet. 

Om arrangementet:

På konferansen vil Robert Whitaker, grunnleggar av Mad in America og ein av hovedkreftene bak det internasjonale Mad in the World fellesskapet, fortelje om bakgrunnen for bevegelsen, og dele sine erfaringar, tankar og refleksjonar frå dei mange åra som journalist og aktivist. Robert Whitaker vil setje ord på kampen med å utfordre den dominerande diagnose- og medisinbaserte forståinga av psykiske vanskar og liding.

Konferansen gir ein unik sjanse til å få høyre om korleis denne grasrotbevegelse blei til ei internasjonal plattform for endring – og om korleis Mad in Denmark blei ein del av dette fellesskapet og forteljinga, som bygg på humanisme, menneskerettar, fellesskap og open dialog.