Er psykiatriske diagnoser vitskaplege og/eller til hjelp? Med professor John Read (AD4E 11.3.2025)
Er psykiatriske diagnoser vitskaplege og/eller til hjelp? Med professor John Read (AD4E 11.3.2025)

Dr John Read, professor i psykologi ved University of East London er tilbake med nok ein tankevekkande presentasjon om psykiatriske diagnoser 11. mars kl. 11:00 – 13:30

Arrangementet er del av Challenging the culture of diagnosis & disorder!-samlinga. Påmelding ved å klikke her.

Dr John Read vil oppsummere forsking på om psykiatriske diagnoser er vitskaplege (er til å lite på, er gyldige). Han formidlar korleis desse diagnosene påverkar val av behandling, korleis ein kan forstå årsakssamanhengane og stigmatiseringa.

Gå ikkje glipp av hans psykososiale og traumebevisste kunnskap, som han oppsummerar: “Bad things happen and they fuck you up!”

Dr John Read forskar og på dei negative effektane av biogenetiske årsaksforklaringar på fordomar, erfaringane til dei som får antipsykotisk (nevroleptika) og antidepressiv (depresjon) medisinering, elektrokonvulsiv behandling, og legemiddelindustrien si rolle i forsking og praksis innan psykisk helse. Han har publisert over 180 forskingsartiklar, i hovedsak om forholdet mellom negative hendingar i livet og psykose.

John er styreleiar i International Institute for Psychiatric Drug Withdrawal , og sit i styret for Hearing Voices Network, England.

John er også med jamne mellomrom bidragsytar til A Disorder 4 Everyone sine arrangement.

Han har vore redaktør for det vitskaplege tidsskriftet «Psychosis» i 12 år og er redaktør/forfattar av fleire bøker, mellom anna:

Read J, Dillon J (eds) (2013) ‘Models of Madness’, Routledge.

Read J, Sanders P (2022) ‘A Straight Talking Introduction to the Causes of Mental Health Problems’, PCCS Books.

Det vil bli gjort opptak av workshopen og lenka til denne vil bli tilgjengeleg for dei som ikkje kan delta på direkten.

Sjå også omtale av tidlegare AD4E arrangement på Mad in Norway her