
Digitalt arrangement arrangert av AD4E – A Disorder 4 Everyone
Tirsdag 3. mars 1900-2030 (norsk tid)
Del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga
Språk: Engelsk
Oversikt
Om psykiatriske medikament (medisinar) påverkar livet ditt, arbeidet ditt eller nokon du bryr deg om, er denne møteplassen for deg.
Psykiatriske medikament blir føreskrive til millionar av menneske, ofte utan at det blir diskutert kva dei faktisk gjer, kor lenge dei bør brukast eller kor vanskeleg dei kan vere å seponere (slutte med).
Dr. Anders Sørensen – klinisk psykolog, forskar og forfattar av «Crossing Zero: The Art and Science of Coming Off – and Staying Off – Psychiatric Drugs» – vil i dette AD4E-zoom arrangementet svare på spørsmål, ut frå kva vitenskapen fortel oss om psykiatriske medikament og abstinensar.
Dette forumet er for alle som opplever abstinensar, vurderar å slutte med psykiatriske medikament, støttar nokon som gjer det, eller jobbar terapeutisk med menneske som brukar slike.
Om Anders Sørensen
Anders Sørensen er ein dansk klinisk psykolog og ei framståande stemme innan psykiatrisk medikamentavvenning. I meir enn ti år har han hjelpt menneske med å trappe ned på psykofarmaka på ein trygg måte, ved å kombinere klinisk innsikt med grundig akademisk forsking. Han har ein doktorgrad i psykiatrisk medikamentavvenning fra Københavns Universitet.
Gjennom sin private praksis bygg Anders bru mellom forsking og praksis – han rettleiar menneske gjennom den langsame, ofte utfordrande prosessen med å trappe ned, og støttar dei i å halde seg friske.
Anders Sørensen si banebrytande bok Crossing Zero: The Art and Science of Coming Off – and Staying Off – Psychiatric Drugs (Vitenskapen om det å slutte med – og å halde seg unna psykiatriske medikament) er nyleg gitt ut på engelsk.
Det er den første omfattande rettleiinga som er dedikert til seponering og nedtrapping av psykiatriske legemiddel. Anders seier:
«Denne boka er ein praktisk, evidensbasert guide for dei som går gjennom avvenning frå psykiatriske medisinar – og for klinikarar og pårørande som støttar dei. Altfor mange menneske går gjennom denne prosessen åleine, feilinformert eller utan støtte. Eg skreiv denne boka for å endre det.»
Crossing Zero stoppar ikkje ved nedtrappingsprosessen. Boka svarar også på det essensielle spørsmålet: Dersom ikkje medisinering, kva då? Tre heile kapitlar utforskar kva som kjem etter at nedtrappinga er avslutta – og gir praktiske psykologiske verktøy og øvingar for å handtere vanskelege kjensler, traumereaksjonar, angst, grubling og sjølvkritikk.
I tillegg til sin ekspertise innan abstinens, hjelper Anders med det djupare psykologiske arbeidet med helbreding – ved hjelp av traumeinformerte, psykoterapeutiske tilnærmingar som støttar sjølvkjensle og ei tilbakevending til heilskap.
«Dei fleste land manglar framleis formelle retningslinjer for sikker nedtrapping av psykiatriske medikament, noko som gjer at mange må finne ut av det på eiga hand – eller trappar ned for raskt til at kroppen rekk å tilpasse seg. Og når folk så blir dårlegare etter å ha slutta med den psykiatriske medisinen, får dei ofte høyre at «sjukdomen er tilbake». Men kva om det er abstinensar vi ser, og ikkje det opphavlege problemet som dukkar opp igjen? Kva om det berre er medisinen som forlet systemet for raskt til at kroppen og hjernen kan tilpasse seg?
Det er avgjerande viktig å forstå dette. Det å hjelpe menneske gjennom prosessen – samtidig som eg rettleiar dei gjennom den psykologiske reisa utover medisinering – er kjerna i arbeidet mitt.»



