
Bli med på AD4E arrangementet 8. mai 2025 med professorane Joanna Moncrieff og Sami Timimi. Dei vil her diskutere dei nyaste bøkene sine, viktige og vektige bidrag til den kritiske diskursen innan feltet «psykisk helse».
A Disorder 4 Everyone (AD4E) arrangementet med Joanna Moncrieff og Sami Timimi er del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.
Tid og Stad
Torsdag 8. mai 2025 kl. 13:30 – 15:30 (norsk tid). DIGITALT
Om arrangementet
Arrangementet er på 2 timar.
AD4E er svært begeistra for publiseringa av desse nye bøkene til våre allierte: Professorane Joanna Moncrieff og Sami Timimi.
Vi har invitert begge, slik at dei kan fortelje om bøkene sine.
Joanna si nye bok
Chemically Imbalance: The Making and Unmaking of the Serotonin Myth
Publisert: Januar 2025
Gjennom fleire tiår er vi fortalt at depresjon skuldast ein kjemisk ubalanse i hjernen. Og at depresjonspillar (“antidepressiva”, eller “Lykkepillar”) skal rette opp denne ubalansen. På dette grunnlaget velger millionar av mennesker verda over å ta “antidepressiva”.
“Chemically Imbalanced” fortel historia og følgjene av ei vitenskapleg myte. Vi får følgje historia til serotonin-teorien om depresjon, frå utviklinga på 1960-talet, til innlemminga i populærkulturen på 1990-tallet, og dei nylege avsløringane om at teorien ikkje er bevist.
Forteljinga illustrerer kor sterk påverknad menneskelege interesser har på kva som blir akseptert som vitenskapleg kunnskap. Boka gir folk viktig informasjon om depresjon og “antidepressiva”, som ein ikkje kan finne andre stadar. Boka “Chemically Imbalanced” er framfor alt ei oppfordring om å forstå og ta vare på vår psykiske helse.
Joanna sin biografi
Joanna Moncrieff er professor i kritisk og sosial psykiatri ved University College London, og jobbar som psykiatrisk konsulent i NHS i London. Ho forskar og skriv om overforbruk og feilaktig bruk av psykiatriske medikament, og meir generelt om psykiatrien si historie, politikk og filosofi . Vidare har ho leia samarbeid innan statleg finansiert forsking om korleis ein kan hjelpe mennesker med å redusere bruken av “antipsykotika” og slutte med “antidepressiva”. Joanna er medstiftar og styreleiar av Critical Psychiatry Network, og forfattar av ei rekke vitenskaplege artiklar og fleire bøker om psykiatriske legemiddel. Mellom anna The Myth of the Chemical Cure (2009), The Bitterest Pills (2013) og A Straight Talking Introduction to Psychiatric Drugs (2020). Nettstaden hennar er https://joannamoncrieff.com/. Ho er på Twitter som @joannamoncrieff.
Sami si nye bok
Searching For Normal: A new approach to understanding mental health, distress and neurodiversity
Publiseringsdato: 20. mars 2025
Fleire og fleire blir diagnostisert med ADHD og autisme. Unge mennesker medisinerast for oppførsel som kan forklarast som normal i andre delar av verda.
Uro og menneskeleg liding er slik blitt kommersialisert gjennom mange tiår av farmasøytiske selskap, av media og psykiatrien.
Det er normalt å føle seg nedstemt. Korleis kan vi vite at det er noko som må behandlast?
I “Searching for Normal” utforskar Dr. Sami Timimi den politiske og kulturelle konteksten rundt desse fenomena. Han presenterer i staden ein djup menneskeleg tilnærming som ser på heile personen – familiekontekst, kultur, personleg motstandskraft. Sami tek til orde for ein ny måte å tenke på-, og behandle menneskeleg uro og liding.
Sami sin biografi
Dr. Sami Timimi er praktiserande konsulent i barne- og ungdomspsykiatri og psykoterapeut i NHS (National Health Service). Han har skreve 40 bokkapittel, hovedsakleg i akademiske bøker, om emner relatert til kritisk psykiatri, barndom, psykoterapi, depresjon, åtferdsproblem og tverrkulturell psykiatri. Han har skreve seks bøker, mellom annet Naughty Boys: Anti-Social Behaviour, ADHD and the Role of Culture, og er medredaktør for fire bøker, mellom anna saman med Carl Cohen, Liberatory Psychiatry: Philosophy, Politics and Mental Health, og er medforfattar av to andre, mellom anna saman med Neil Gardiner og Brian McCabe, The Myth of Autism: Medicalising Men’s and Boys’ Social and Emotional Competence. Hans siste bok, som blei gitt ut i 2021, er Insane Medicine: How the Mental Health Industry Creates Damaging Treatment Traps and How You Can Escape Them.
DET ER BEGRENSA PLASSAR (PÅ GRUNN AV STORLEIKEN PÅ ZOOM PLATFORMA)
Det blir gjort opptak av arrangementet for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.
For fleire artiklar om AD4E arrangement på Mad in Norway, sjå her.