Bli med på ein diskusjon om antipsykotisk abstinens, og spør kva forskinga kan fortelje oss om korleis vi kan støtte trygge, informerte nedtrappingar.
Tid og Stad: Fredag 17. oktober kl. 17:30 – 20:00 (norsk tid)
Webinaret er arrangert av International Institute for Psychiatric Drug Withdrawal (IIPDW). Professor John Read, professor Joanna Moncrieff, dr. Miriam Larsen-Barr og Will Hall har publisert resultat av studier på seponering av psykiatriske medikament.
Kvar av paneldeltakarane vil halde eit kort foredrag om eiga forsking, og kva denne fortel oss, og kva som står igjen å lære. Etterpå vil paneldeltakarane saman med Olga Runciman delta i ein times diskusjon om dei viktigaste temaene, og svare på spørsmål frå publikum.
Dei som har kjøpt billett vil få ei lenke til opptaket.
Du kan kjøpe billett her.
For meir informasjon, sjå videoen Antidepressant Withdrawal Syndrome & its Management, with Stevie Lewis & Dr Mark Horowitz
IIPDW sine mål
- Støtte forsking og praksisbasert kunnskap, som vil legge til rette for sikker reduksjon og seponering av psykiatriske legemiddel.
- Bidra til evidensbaserte metodar for reduksjon og seponering av psykiatriske medikament, og legge til rette for at desse blir inkludert i retningslinjene for allmennpraksis.
- Støtte retten til eit fritt og informert val i bruk av psykiatriske medikament. (Support the human right to informed choice with regard to psychiatric drugs.)
- Fremme praksis som hjelper familier, vennar og behandlarar i å støtte trygg reduksjon og seponering av psykiatriske medikament. Omsynet til relasjonelle og sosiale aspekt er avgjerande.
IIPDW er som organisasjon forplikta til å forfølgje og konkretisere verdiane om sosial rettferd. Som del av arbeidet med å støtte, forske på og informere om seponering (nedtrapping) av psykiatriske medikament, ser vi det som ein integrert del av arbeidet å oppretthalde verdiane om antirasisme, kjønnslikestilling og støtte dei sivile rettane til personar som identifiserer seg som LGBTQ+.
Kontaktinfo IIPDW
Ta kontakt på [email protected] for å få vite meir om deira arbeid. Du finn dei også på Twitter og Facebook. Eller les deira styringsdokument.
IIPDW er eit UK Registered Charity no. 1195569.
Førmålet med nettstaden IIPDW er å gi generell informasjon om seponering av psykiatriske medikament og IIPDW. Dei håper det kan gjere det mulig for besøkjande å ha meir informerte diskusjonar med legen som føreskriv psykiatriske medikament. Nettstaden gir ikkje spesifikk, individuell medisinsk rådgiving.