Bli med på A DISORDER FOR EVERYONE arrangementet «Eit møte med ein alliert» med Johann Hari 24. september.
Tid og Stad
Onsdag 24. september 2025 kl. 19:00 – 20:00 (norsk tid). DIGITALT
Om arrangementet
AN AUDIENCE WITH AN ALLY («Eit møte med ein alliert») er eit uformelt, interaktivt forum der du kan spørje vår venn og allierte Johann, om bøkene, arbeidet og livet hans.
Johann Hari er forfattar av tre New York Times-bestseljarar og produsent av ein Oscar-nominert film og ein TV-serie på åtte delar, med Samuel L. Jackson i hovedrolla. Bøkene hans er oversett til 40 språk og har fått strålande omtalar (mellom anna av Oprah, Noam Chomsky, Elton John og Naomi Klein).
Årets bok
Johan si siste bok ‘Stolen Focus: Why You Can’t Pay Attention’ blei gitt ut i januar 2022. Boka blei kåra til ei av dei tre beste bøkene det året, av Amazon.com , og til Årets bok av Financial Times, New York Post og Spectator. Samt til «Månadens bok» av Storbritannia sin største bokhandel, Waterstones, og Australia sin største bokhandel, Dymocks. Boka har vunne fleire prisar, mellom anna «Årets viktigaste bok» ved Non-Essential Book Awards og «Årets beste bok» ved Porchlight Book Awards. Boka har vore ein bestselgar på tre kontinent.
Johann si første bok
Johann si første bok, «Chasing the Scream: the First and Last Days of the War on Drugs», blei filmatisert til den Oscar-nominerte filmen «The United States vs Billie Holiday». Boka er også blitt til ein dokumentarserie, som no er tilgjengeleg for vising.
Johann si andre bok
Johann si andre bok, ‘Lost Connections: Uncovering The Real Causes of Depression – and the Unexpected Solutions’ (Tapte forbindelser: Avdekking av de virkelige årsakene til depresjon – og de uventede løsningene), blei omtala som «ei av dei viktigaste tekstane dei siste åra» av British Journal of General Practice, og nominert til ein pris av British Medical Association.
TED føredrag
Johann sine TED-foredrag er sett meir enn 93 millionar gongar. Det første føredraget har tittelen Everything You Think You Know About Addiction is Wrong’ («Alt du trur du veit om avhengighet er feil»). Det andre har tittelen ‘This Could Be Why You Are Depressed or Anxious’ «Dette kan vere grunnen til at du er deprimert eller engsteleg».
Skribent for leiande aviser og magasin, og gjest i mange populære program
Han har skreve for nokre av verdas leiande aviser og magasin, mellom annet New York Times, Los Angeles Times, The Guardian, The Spectator, Le Monde Diplomatique, Sydney Morning Herald og Politico. Han har vore gjest i NPRs All Thing Considered, HBOs Realtime With Bill Maher, The Joe Rogan Podcast, BBCs Question Time og mange andre populære program.
Om Johann
Johann vart født i Glasgow, Skottland, og då han var eitt år gammel, flytta familien til London, der han vaks opp og har budd mesteparten av livet. Faren hans – ein sveitsisk innvandrar – var bussjåfør, og mora var sjukepleiar og jobba seinare i krisesenter for overlevande av vald i nære relasjonar.
Han studerte samfunnsvitenskap og statsvitenskap ved King’s College i Cambridge og fullførte studiene med toppkarakterar.
Johann vart to gongar kåra til «Årets nasjonale avisjournalist» av Amnesty International. Han har også blitt kåra til «Årets kulturkommentator» og «Årets miljøkommentator» ved Comment Awards.
Han bur halvparten av året i London, og er resten av året på å reise, for å gjere research til bøkene sine.
DET ER BEGRENSA PLASSAR (PÅ GRUNN AV STORLEIKEN PÅ ZOOM PLATFORMA)
Arrangementet blir teke opp, for deltakarar som ikkje kan delta på direkten.



