TRYGG NEDTRAPPING: Anders Sørensen, her fra Mad in Norway-seminaret i 2023. Foto: Mad in Norway

Bli med på webinar om vegen til Recovery ved nedtrapping av psykofarmaka, med Anders Sørensen, PhD. Korleis kan ein minimere risikoen for abstinensar eller tilbakefall under nedtrapping?

Tid og Stad

Fredag 27. juni 2025 kl. 19:00 – 20:00 (norsk tid). DIGITALT

Arrangementet er på 1 time.

Påmelding

Registrer i dag! Registreringa stenger torsdag 26. juni kl. 0900, 2025.
Om du ikkje kan delta, kan du registrere deg og få tilsendt eit opptak av webinaret.

Om arrangementet

I dette webinaret til Psychotropic Deprescribing Council (PDC) gir den danske psykologen og forskaren Anders Sørensen, PhD, sine synspunkt på denne viktige kliniske kompetansen, og diskuterer korleis hjelpe pasientar med å finne vegen gjennom nedtrapping av depresjonspillar (“antidepressiva”) og psykofarmaka (psykiatriske medikament), til eit nytt liv støtta av psykoterapi.

Det vil bli ei kort spørsmål- og svarrunde etter Anders sin presentasjon.

Om Anders Sørensen

Tidleg i utdanninga observerte Anders at dei maskerande effektane av psykofarmaka ofte forstyrra klienten si evne til å ta tak i dei underliggande årsakene til deira emosjonelle naud, og at desse stoffa kunne vere svært vanskelege å slutte med. Han tok deretter doktorgrada si i nedtrapping av psykofarmaka, og spesialiserer seg no på å gi råd til folk om korleis dei kan slutte med psykofarmaka gjennom gradvis, hyperbolsk nedtrapping, samstundes som han gir psykoterapi for å gjere det mogleg å kunne klare å vere av desse stoffa.

Om Anders Sørensen si nyaste bok og forsking

Anders sitt nyeste verk er boka Crossing Zero – The Art and Science of Coming and Staying Off Psychiatric Drugs, som kjem i sommar, og handlar om tilfriskning i psykiatrisk behandling. Den første delen av boka gir ei klar og gjennomtenkt tolking av korleis psykofarmaka verkar og ikkje verkar. I andre delen forklarer Anders vitenskapen bak hyperbolsk nedtrapping, den trinnvise metoden for å minimere risikoen for abstinenssymptom. I siste delen, Life beyond Medication, utforskar Anders psykoterapeutiske tilnærmingar for å overvinne dei vanskelege tankane, oppførsel og kjensler som ligg til grunn for dei ulike diagnostiske merkelappane som blir brukt i psykisk helsefeltet.

Anders si vitskaplege forsking inkluderar systematiske oversikter som Sørensen, et al. (2022). Description of antidepressant withdrawal symptoms in clinical practice guidelines on depression: A systematic review og Sørensen, et al. (2021). The relationship between dose and serotonin transporter occupancy of antidepressants—A systematic review. I tillegg til skriving, forsking og klinisk praksis deler Anders informasjon om nedtrapping av psykofarmaka gjennom sosiale medier, intervju, artiklar og sin populære YouTube-kanal; @AndersSorensen.

Registrer deg i dag!

Du vil få ei påminning og webinar lenke på e-post like før webinaret startar. Registreringa stenger 26. juni kl. 12.00. Dersom du ikkje kan delta, men er interessert i å motta varslar om andre PDC-arrangement, kan du fylle ut dette skjemaet.

Post Tags:#clinicians#psychotherapy#recovery#tapering#therapists

For meir informasjon og fleire artiklar om Anders Sørensen, sjå her.