
Bli med på AD4E arrangementet 21. mai: Korleis slutte med psykiatriske medikament på ein trygg måte? Med Dr. Mark Horowitz
Arrangementet er del av Challenging the culture of diagnosis & disorder! samlinga.
Tid og Stad
Torsdag 21. mai 2025 kl. 19:00 – 21:00 (norsk tid). DIGITALT
Om arrangementet
Arrangementet er på 2 timar.
Dr. Horowitz vil forklare korleis ein kan slutte med psykofarmaka på ein trygg måte, og ved det redusere risikoen for abstinens og tilbakefall. Vidare kva hyperbolsk nedtrapping er, og korleis ein kan implementere det i praksis.
Dr. Mark Horowitz har spesialutdanning i psykiatari og har gjennomført deler av utdanningen si i Australia, og jobbar no i London som klinisk forskar i NHS og er æresforskar ved UCL. Han driv ein klinikk for nedtrappingsklinikk Nordøst-London, og har gjort ei omfattande forsking på korleis ein trygt kan slutte med “antidepressiva” (depresjonspillar, tidlegare kalla lykkepillar) for å unngå abstinenssymptom. I tillegg til å skrive og bidra til endringar i Best Practice Guidance from NICE og The Royal College of Psychiatrists om korleis slutte med “antidepressiva”, utarbeidar han ein læringsmodul for foreskrivarar i England (på vegne av Health Education England). Denne skal hjelpe legar med kunnskap om korleis ein sluttar med depresjonspillar.
Maudsley Deprescribing Guidelines: https://amzn.to/48XaG9m
Dr. Horowitz sin nettstad: https://markhorowitz.org/
The serotonin theory of depression: a systematic umbrella review of the evidence: https://markhorowitz.org/academic-pap…
Tapering off SSRI treatment to mitigate withdrawal symptoms: https://markhorowitz.org/wp-content/u…
A Method for Tapering Antipsychotic Treatment That May Minimize the Risk of Relapse: https://markhorowitz.org/wp-content/u…
FØLG MARK HOROWITZ:
Mark sin nettstad: https://markhorowitz.org/
Mark på Twitter: /markhoro
DET ER BEGRENSA PLASSAR (PÅ GRUNN AV STORLEIKEN PÅ ZOOM PLATFORMA)
Det blir gjort opptak av arrangementet for deltakarar som ikkje kan delta på direkten og eit VPD sertifikat vil bli tilgjengeleg i etterkant.

For fleire artiklar om AD4E arrangement på Mad in Norway, sjå her.