Bli med på A Disorder 4 Everyone! (AD4E) si feiring og markeringa av publiseringa av Unshrunk – eit avgjerande bidrag i arbeidet med å utfordre psykiatriske diagnoser og lidingar!
Tid og Stad
Torsdag 30. september 2025 kl. 19:00 – 21:00 (norsk tid). DIGITALT
MERK! Frist for påmelding / reservering av plass er onsdag 30. juli 2025. Registrer deg her.
Refusjon
Refusjon inntil 7 dagar før arrangementet.
Om arrangementet
Arrangementet er på 2 timar.
Bli med å feire publiseringa av Unshrunk med forfattar og aktivist Laura Delano.
Laura vil dele historia om Unshrunk og svare på spørsmål.
DET ER BEGRENSA PLASSAR (PÅ GRUNN AV STORLEIKEN PÅ ZOOM PLATFORMA)
—————————————
Forlaget sine merknader…
Unshrunk: Eit sjølvbiografi om ei kvinne sin kamp for å finne seg sjølv i eit mislukka psykisk helsevesen.
Er det mogleg at psykiatrien si medikamentbaserte standardbehandling gjer mennesker sjuke?
Då Laura Delano var fjorten år gamal, møtte ho sin første psykiatar. Det skulle ikkje bli hennar siste.
På skulen fekk Delano berre toppkarakterar, og ho var klasserepresentant. Heime var situasjonen ein annan. Raseri og desperasjon gjekk utover familien, ho låste seg inne på soverommet og var besett av døden. Delano strevde, men ikkje utan diagnoser: Bipolar liding sa psykiateren hennar. Som satte henne på «stemningsstabiliserande» midlar og «antidepressiva» (depresjonspillar).
Gjennom dei neste tretten åra blei lista over psykiatriske diagnoser stadig lengre. Med skapet fullt av psykiatriske medikament/medisin (psykofarmaka), søkte ho hjelp hos dei beste psykiatrane og sjukehusa i landet.
Delano hadde spørsmål om diagnosene og behandlinga. Men på grunn av problema og sjølvmordstankar, følgde ho likevel den medikamentelle behandlinga med nitten ulike medikament over tid. Ho var fortalt at desse var naudsynte for å behandle hennar «uhelbredlege, livslange sjukdom». Då symptoma hennar berre blei verre, erklærte legane at tilstanden hennar var alvorleg, kronisk, ho var «behandlingsresistent».
Demoralisert av omstenda, at det ikkje var mogleg å bli frisk, vende Delano tilbake til spørsmåla om dei første diagnosene: Kva om livet hennar falt frå kvarandre, ikkje på trass av behandlinga, men på grunn av denne? Etter å ha vore ein trufast pasient i mange år, forsto ho at det var ein ting ho ikkje hadde prøvd – å legge reseptbelagte medikament og psykiatriske diagnoser bak seg. Ho tok ei avgjerd om å gløyme alt ekspertane hadde fortald om hennar kropp, sinn og sjel. Det ville seie å møte alle dei skremmande, ukjende sidene av eit umedisinert liv, eit liv utan psykofarmaka.
Unshrunk flettar sammen Delano sin lange personlege kamp mot medisinske journalar og legenotatar, ho granskar moderne psykiatri og forskinga bak medikamenta ho fekk foreskrive. Boka stiller spørsmål ved den dominerande – og sjeldan kritiserte rolla til den amerikanske psykiske helseindustrien og legemiddelindustrien.
—
Biografi
Laura Delano er forfattar, foredragsholdar og konsulent. Ho er grunnlegger av Inner Compass Initiative, som er ein veldedig organisasjon. Ho starta Inner Compass Initiative for å hjelpe mennesker med å ta informerte val om psykiatriske diagnosar og medikament, samt medikamentell avvenning. Laura er ei leiande stemme i den internasjonale røyrsla, som gir pasientar eit alternativ til den medisinske, profesjonaliserte psykiske helseindustrien. Delano arbeider med enkeltpersonar og familier over heile verda, som søker rettleiing og støtte under abstinensprosessen og i livet etter psykiatrisk behandling. Ho bur i Connecticut saman med mann og barn.
Unshrunk blei gitt ut 20. mars 2025 av Monoray.




Sjå her, for fleire artiklar om AD4E og Laura Delano på Mad in Norway.