DET EG VEIT
Det er som om
vi er tvinna i hop
av trådar av usynleg gull.
Det held det.
At eg ikkje kan begripe
korleis eller kvifor
og det ikkje kan googlas,
det får så vere.
Ja, det får så vere.
Kvifor det ikkje nyttar
å spørje om alt,
det veit ikkje eg.
Trådane er like fullt der,
sjølv om
eg ikkje kan sjå dei.
Eg veit at dei er der.
Siv Helen Rydheim